onsdag 4. juni 2014

Landbruket, bonden og prioriteringane


Det har vore litt meir støy enn vanlig rundt jordbruksforhandlingane i år. Ikkje til å undre seg over det, kanskje, når eine parten vil endre og den andre manglar tillit til hensikta.

Trenden har peika nedover i landbruket i heile mi tid. Dette kom ikkje nyss no, det har pågått i 50 år. Siste åra har trenden auka på, det blir stadig færre bønder. Eg veit det ikkje sikkert, men antakelig produserer dei bøndene som er igjen meir enn norske bønder har gjort nokon gong før. Sjølvforsyningsgraden har ikkje falle så dramatisk som ein skulle vente av reduksjonen i antal bønder heller. Og så er alt dette litt avhengig av korleis ein måler. Tal og statistikk kan forklarast i ulike retningar.

Det eg imidlertid er meir sikker på, er at dersom det ikkje vert tekne nokre djerve grep, så vil vi berre sjå at det held fram ein negativ trend. Den som ser dette litt frå sida, må sjå at det er behov for djerve endringar. Vi kan ikkje halde fram ei langsiktig ferd mot utnulling, vi må våge å gjere nokre val.

Heiltidsbonden
Vi må tore å prioritere heiltidsbonden. Heiltidsbonden er brukaren som har så stor drift at han og familien hans kan leve av det. Om heiltidsbonden vel å ha arbeid ved sidan av, så må han naturligvis kunne gjere det. Det skal vere lov å arbeide mykje. Men då må det naturligvis også vise att. Det er givande å ha mange jarn i elden og vere engasjert på fleire frontar. For dei som vil skal det vere rom for det, anten ein er bonde eller noko anna. Heiltidsbonden er altså bonde på heiltid, eller han kunne ha valt å vere bonde på heiltid.

Dei som forvaltar statistikkar og tal, har nok informasjon om kor mykje av vår samla produksjon som vert gjort av heiltidsbønder. Dei ville nok kunne fortalt oss at heiltidsbonden står for brorparten av landbruksproduksjonen. Så dersom vi skal oppretthalde eller kanskje til og med auke landbruksproduksjonen, så må vi satse på heiltidsbonden.

Vi må snakke fram heiltidsbonden og vi må prioritere større del av tilskota til heiltidsbonden. Vi må legge til rette med finansielle verkemiddel for at heiltidsbonden skal kunne realisere sitt prosjekt; å vere heiltidsbonde. Landbruk har blitt ei kapitalintensiv næring. Kapitalintensive næringar må ha volum.

Strukturgrep
Mykje av det potensielle området for heiltidsbønder rundt omkring i landet, har ein gardsstruktur som heng igjen frå ei anna tid. Det kjem ut av at norske bønder vart sjølveigande for å drive sjølvbergingshushald. Det passar ikkje lenger. Det er ein hemsko for dei som eig det og det er ein hemsko for dei som prøver å drive effektivt at det er slik.

Her må det takast djerve strukturgrep. For dei som vil innrømme det, har norsk landbrukspolitikk så mange fellestrekk med politiske system vi kjende frå mellom anna aust i Europa, at det kan umulig skade med eit grep til. Det som vert definert som landbruksareal skal brukast til landbruksareal, og det må leggast strukturelt og finansielt til rette for at heiltidsbonden kan utvide arealet sitt. Enkeltpersonar skal ikkje kunne sitte i lengda å låse inne godt landbruksareal, heller ikkje ved å låne det ut fritt. Vi treng ikkje kalle det oreigning. Vi må berre få det til å skje. Skal landbruket i Norge få levelege kår, så må det til strukturelle grep.

Ser ein slik på det, så er det kanskje mykje definert landbruksareal som ikkje egentlig er landbruksareal. Fint kulturlandskapet er ikkje nødvendigvis produktivt landbruksareal.

Kulturlandskapet
Det hyppigast brukte argumentet eg høyrer til forsvar for landbruket, trur eg må vere at kulturlandskapet blir ødelagt dersom ikkje landbrukspolitikken blir oppretthalden. Kulturlandskapet har grodd igjen og gror igjen med stor fart allereie og har gjort det lenge, så det må vel i alle fall vere ein virkelig god grunn til å endre politikken?

Kulturlandskapspleie er viktig. Eg forsvarer det sterkt og eg syns vi skal bruke mykje ressursar på det, inkludert vår eigen innsats. Men er dette landsbruksproduksjon og er dette ein del av landbrukspolitikken? Dei som skal drive med landbruksproduksjon har vel ikkje noko glede eller nytte av at småflekkar og teigar vert stelte sånn nokonlunde. Reint bortsett frå at dei har glede av det dei som alle andre ser når dei rasar forbi i traktoren sin, travelt opptatt med å produsere landbruksvarer.

Vi må våge å prioritere også i landbrukspolitikken. Vi må våge å prioritere den reelle landbruksproduksjonen framom kulturlandskapspleie. Og vi må våge å seie at kulturlandskapspleie er ikkje alltid landbruksproduksjon i moderne forstand. Det blir ikkje så mykje mindre viktig av det. Men det gjer at det skal gå av eit anna budsjett, og det skal utsettast for eit anna resonnement.

Mat er for billig
Eg kjem aldri til å forstå heilt kvifor mat skal vere så vanvittig billig. Det er ei av dei store matkjedene som reklamerer med at dei er billigare enn dei billigaste billigbutikkane. Kva er egentlig poenget med det? Var det ikkje mykje betre om dei selde mat som var den beste av det beste? Når dei til og med meiner å vere ein forbrukareigd butikk, så burde dei vel heller vere opptatt av at maten dei sel til forbrukaren er så god som den kan få blitt?

Sjølvsagt er det dyrt å lage mat i Norge. Heiltidsbonden vil ha den same anstendige avkastning på verksemda si som alle vi andre i landet vil ha. Alle veit jo at vi antakelig er dei dyraste folka som finst i verda, så kvifor i all verden skulle ikkje det gje seg utslag i dyrare mat også? Så har vi verforholda, vi har topografien, det er mange ting som gjer det litt tyngre å produsere mat i Norge enn på landbruksflater andre stader i verda. Men faktum er at det gir grunnlag for noko av den beste maten på enkelte område også.

Vi vil ha matproduksjon i Norge. Vi vil ha god mat produsert og levert frå Norge. Så då får vi finne oss i å betale for dyr og god mat like godt som vi erkjenner at andre ting er dyrt å lage i Norge.

Å tore å prioritere
Å tore å priotere noko er å tore å prioritere ned noko anna. Skal norsk landbruk vere levedyktig framover, skal den norske heiltidsbonden finne det bryet verdt å vere bonde, skal neste generasjon gidde å velge å verte bonde, så må vi tore å prioritere dei. Dermed må vi prioritere ned noko anna. Og vi må sjølvsagt betale meir for norsk mat.


Landbruksministeren får ikkje mitt forsvar uten atterhald. Men ho får min sympati fordi ho torer å sette i gong ein djerv endringsprosess som kanskje kan føre fram til at vi opprettheld eit berekraftig norsk landbruk. Å sette i gong naudsynte endringsprosessar blir sjeldan applaudert av organisasjonenane på feltet. Heller få og berekraftige enn ingen, tenker eg. 

2 kommentarer:

  1. Bra Sindre! Støttes 100%. Butikkene burde reklamere med at vi har den beste maten for helsen din. Ikke den billigste. Eller kanskje begge deler om det er mulig.

    SvarSlett
  2. Er ikkje det litt rart at ingen tar den forretningsidéen, Per?

    SvarSlett