onsdag 11. juni 2014

Dagsplan

Eg har møtt ein del personar som har for mykje å gjere. Som syns haugane med arbeidsoppgåver veks, arbeidsoppgåvene kjem fortare inn enn dei går ut.

For enkelte kan dette vere rett, enkelte har simpelthen for mykje som skal gjerast slik at det ikkje er mulig å få unna alt arbeidet. Dersom dette er problemet, så må det løysast på ein annen måte sammen med kollegaer og ledelse.

Enkelte har ikkje kontroll på arbeidsdagen sin slik at dei kan planlegge den. Arbeidsdagen kan vere kundestyrt, styrt av hendingar og situasjonar som oppstår i løpet av dagen. For enkelte er det å takle hendingar som oppstår faktisk sjølve jobben.

Men mange har ein arbeidssituasjon der dei kan ta grep sjølve for å sikre at ting vert gjort og for å snu utviklinga slik at det fer like mykje eller meir ferdigprodusert ut som det som kjem inn av nye oppgåver. Det kan brukast nokre svært enkle teknikkar. Skaff deg ei blokk, ei bok eller liknande og ein blyant. Start dagen med å skrive ei liste over tinga du skal gjere før dagen er omme. Dei fleste arbeider 8 timar. Ein halvtime av denne tida skal du ha pause. I tillegg til å skrive inn lunsjpausen, så kan du gjerne legge inn 2 eller 3 økter der du skal arbeide med e-post. Tenk også over om du har andre faste ting du må gjere, og tenk over om du har møte som du skal eller må vere med på.

Dersom du vil skrive meir enn 8 ting på lista di, så skal du bli mistenksam. Alt tar litt tid, og dersom du skal skrive meir enn 8 ting på lista di, så må du vite at kvar ting tek i gjennomsnitt mindre enn 1 time å gjere.

Det er viktig når du skriv lista at du forpliktar deg sjølv til å gjere lista ferdig i løpet av dagen. Derfor er det viktig at den ikkje har for mange punkt; du skal bli ferdig. Det er lett å "køyre på" med eit ekstra punkt neste dag dersom du ser at det går bra. Dette er omtrent som med trening, du kan antakelig auke "dosen" litt for kvar dag. Lag deg ein ny dagsplan neste morgon. Og morgonane deretter. Kanskje vil du etter kvart syns det er litt moro å legge til eit ekstra punkt på lista. Blir det eit punkt for mykje, så redusér. Du skal få mykje gjort, men det er viktig å vere realistisk med hensyn til kva du kan få gjort.

Det du skriv opp på lista di skal vere heilt konkret og vere ein aktivitet. Du skal kunne krysse av når dagen er omme "utført". Det er ikkje alle arbeidsoppgåver som er konkrete og fysiske, men tenk på kva du må gjere i dag, heilt konkret, for at du skal vere komen litt lenger i dag enn du var i går. Tenk framdrift og framover heile tida. Mange arbeidsoppgåver er store, omfattande og langvarige. Men det du rekk å gjere og skal gjere i dag er naturlig nok ganske lite, ganske kortvarig og konkret. Skriv ned det.

Når det blir kveld, gjerne i avrundingstimen før sengetid, så tar du deg 5 min til å skrive ned dei 3 tinga som du var mest fornøgd med at du fekk gjort i dag. Gled deg over det. Gjer det same neste kveld. Og kveldande deretter. Det vil hjelpe deg til å prioritere kva som skal stå på lista neste dag.

Etter 6-12 mnd går dette kanskje av seg sjølv. Du treng kanskje ikkje skrive det ned. Men hald på å skrive ned heilt til du er heilt sikker på at det går av seg sjølv. Eg kunne gitt deg malar, dataverktøy og fiffige måtar å gjere disse tinga på. Det går an å gjere, men ver heilt sikker på at du har grepet på det først. Du må ville det først. Så kan du vurdere om du treng noko datagreier.




Historien om Alle, Noen, Enhver og Ingen

Eg likar denne gjengangarfortellinga der det er nokså vanskelig å få ting gjort. Ekstra artig vart det då eg plutselig vart sittande med samme historia på fire språk. Sannsynligvis er problemet universielt, så historia fins nok på mange fleire språk også.

Her er først den norske varianten:
Dette er en historie om fire mennesker: Alle, Noen, Enhver og Ingen.
Det var et viktig arbeid som skulle gjøres, og Alle var sikker på at Noen gjorde det.
Enhver kunne ha gjort det, men Ingen gjorde det.
Noen ble sinte på grunn av dette, for det var Alles jobb.
Alle trodde Enhver kunne utføre det, men Ingen forsto at Alle ikke kunne gjøre det.
Det endte med at Alle bebreidet Noen da Ingen gjorde hva Enhver kunne ha gjort.


Det gikk egentlig ganske raskt å google seg fram til den engelske varianten. Den kling ganske godt på engelsk, syns eg:
This is a story about four people: Everybody, Somebody, Anybody, and Nobody. 
There was an important job to be done and Everybody was asked to do it.Everybody was sure Somebody would do it.Anybody could have done it, but Nobody did it.Somebody got angry about that because it was Everybody's job.Everybody thought Anybody could do it, but Nobody realized that Everybodywouldn't do it.It ended up that Everybody blamed Somebody when actually Nobody asked Anybody.
Så fekk eg tilsendt den tyske varianten. Her trengs det litt meir konsentrasjon for å henge meg i kva det egentlig var som ingen gjorde:
Das ist die Geschichte von vier Menschen: Alle, Jemand, Jeder und Niemand.
Eine Arbeit sollte erledigt werden, und Alle waren sicher, dass Jemand sie macht. 
Jeder könnte sie machen, aber Niemand machte sie. 
Da wurde Jemand ziemlich verärgert, weil es Aller Arbeit war. 
Alle dachten, dass Jeder sie erledigen kann, aber Niemand verstand, dass Alle sie nicht machen konnten. 
Es endete damit, dass Alle Jemanden beschuldigte, weil Niemand machte, was Jeder hätte machen können.
Så kjem den for meg vanskeligaste varianten, den spanske:
Había una vez cuatro personas llamadas: TODOS, ALGUNO, CUALQUIERA y NINGUNO
Había una tarea importante que era necesario realizar y TODOS estaban seguro que ALGUNO la haría CUALQUIERA podía haberla hecho, pero NINGUNO la hizo Por eso, ALGUNO se molestó, ya que TODOS sabian lo importante que era Entonces, TODOS pensaron que CUALQUIERA podia hacerla, pero NINGUNO penso que TODOS lo haria Finalmente TODOS culparon a ALGUNO cuando NINGUNO hizo lo que CUALQUIERA podia haberlo hecho.
Då eg skulle finne ut kva som stod i den spanske varianten, lot eg Google Translate sjå på saka. Det vart ein litt artig variant. Det var jo ganske likt, men så var det nokre pussige feil. Skal ein få noko gjort, så må ein i alle fall bruke automatisk oversetting med forsiktigheit. Det er tydelig.
Heldigvis ønsker vi ikkje å vere ALLE, NOEN, ENHVER eller INGEN. .

onsdag 4. juni 2014

Landbruket, bonden og prioriteringane


Det har vore litt meir støy enn vanlig rundt jordbruksforhandlingane i år. Ikkje til å undre seg over det, kanskje, når eine parten vil endre og den andre manglar tillit til hensikta.

Trenden har peika nedover i landbruket i heile mi tid. Dette kom ikkje nyss no, det har pågått i 50 år. Siste åra har trenden auka på, det blir stadig færre bønder. Eg veit det ikkje sikkert, men antakelig produserer dei bøndene som er igjen meir enn norske bønder har gjort nokon gong før. Sjølvforsyningsgraden har ikkje falle så dramatisk som ein skulle vente av reduksjonen i antal bønder heller. Og så er alt dette litt avhengig av korleis ein måler. Tal og statistikk kan forklarast i ulike retningar.

Det eg imidlertid er meir sikker på, er at dersom det ikkje vert tekne nokre djerve grep, så vil vi berre sjå at det held fram ein negativ trend. Den som ser dette litt frå sida, må sjå at det er behov for djerve endringar. Vi kan ikkje halde fram ei langsiktig ferd mot utnulling, vi må våge å gjere nokre val.

Heiltidsbonden
Vi må tore å prioritere heiltidsbonden. Heiltidsbonden er brukaren som har så stor drift at han og familien hans kan leve av det. Om heiltidsbonden vel å ha arbeid ved sidan av, så må han naturligvis kunne gjere det. Det skal vere lov å arbeide mykje. Men då må det naturligvis også vise att. Det er givande å ha mange jarn i elden og vere engasjert på fleire frontar. For dei som vil skal det vere rom for det, anten ein er bonde eller noko anna. Heiltidsbonden er altså bonde på heiltid, eller han kunne ha valt å vere bonde på heiltid.

Dei som forvaltar statistikkar og tal, har nok informasjon om kor mykje av vår samla produksjon som vert gjort av heiltidsbønder. Dei ville nok kunne fortalt oss at heiltidsbonden står for brorparten av landbruksproduksjonen. Så dersom vi skal oppretthalde eller kanskje til og med auke landbruksproduksjonen, så må vi satse på heiltidsbonden.

Vi må snakke fram heiltidsbonden og vi må prioritere større del av tilskota til heiltidsbonden. Vi må legge til rette med finansielle verkemiddel for at heiltidsbonden skal kunne realisere sitt prosjekt; å vere heiltidsbonde. Landbruk har blitt ei kapitalintensiv næring. Kapitalintensive næringar må ha volum.

Strukturgrep
Mykje av det potensielle området for heiltidsbønder rundt omkring i landet, har ein gardsstruktur som heng igjen frå ei anna tid. Det kjem ut av at norske bønder vart sjølveigande for å drive sjølvbergingshushald. Det passar ikkje lenger. Det er ein hemsko for dei som eig det og det er ein hemsko for dei som prøver å drive effektivt at det er slik.

Her må det takast djerve strukturgrep. For dei som vil innrømme det, har norsk landbrukspolitikk så mange fellestrekk med politiske system vi kjende frå mellom anna aust i Europa, at det kan umulig skade med eit grep til. Det som vert definert som landbruksareal skal brukast til landbruksareal, og det må leggast strukturelt og finansielt til rette for at heiltidsbonden kan utvide arealet sitt. Enkeltpersonar skal ikkje kunne sitte i lengda å låse inne godt landbruksareal, heller ikkje ved å låne det ut fritt. Vi treng ikkje kalle det oreigning. Vi må berre få det til å skje. Skal landbruket i Norge få levelege kår, så må det til strukturelle grep.

Ser ein slik på det, så er det kanskje mykje definert landbruksareal som ikkje egentlig er landbruksareal. Fint kulturlandskapet er ikkje nødvendigvis produktivt landbruksareal.

Kulturlandskapet
Det hyppigast brukte argumentet eg høyrer til forsvar for landbruket, trur eg må vere at kulturlandskapet blir ødelagt dersom ikkje landbrukspolitikken blir oppretthalden. Kulturlandskapet har grodd igjen og gror igjen med stor fart allereie og har gjort det lenge, så det må vel i alle fall vere ein virkelig god grunn til å endre politikken?

Kulturlandskapspleie er viktig. Eg forsvarer det sterkt og eg syns vi skal bruke mykje ressursar på det, inkludert vår eigen innsats. Men er dette landsbruksproduksjon og er dette ein del av landbrukspolitikken? Dei som skal drive med landbruksproduksjon har vel ikkje noko glede eller nytte av at småflekkar og teigar vert stelte sånn nokonlunde. Reint bortsett frå at dei har glede av det dei som alle andre ser når dei rasar forbi i traktoren sin, travelt opptatt med å produsere landbruksvarer.

Vi må våge å prioritere også i landbrukspolitikken. Vi må våge å prioritere den reelle landbruksproduksjonen framom kulturlandskapspleie. Og vi må våge å seie at kulturlandskapspleie er ikkje alltid landbruksproduksjon i moderne forstand. Det blir ikkje så mykje mindre viktig av det. Men det gjer at det skal gå av eit anna budsjett, og det skal utsettast for eit anna resonnement.

Mat er for billig
Eg kjem aldri til å forstå heilt kvifor mat skal vere så vanvittig billig. Det er ei av dei store matkjedene som reklamerer med at dei er billigare enn dei billigaste billigbutikkane. Kva er egentlig poenget med det? Var det ikkje mykje betre om dei selde mat som var den beste av det beste? Når dei til og med meiner å vere ein forbrukareigd butikk, så burde dei vel heller vere opptatt av at maten dei sel til forbrukaren er så god som den kan få blitt?

Sjølvsagt er det dyrt å lage mat i Norge. Heiltidsbonden vil ha den same anstendige avkastning på verksemda si som alle vi andre i landet vil ha. Alle veit jo at vi antakelig er dei dyraste folka som finst i verda, så kvifor i all verden skulle ikkje det gje seg utslag i dyrare mat også? Så har vi verforholda, vi har topografien, det er mange ting som gjer det litt tyngre å produsere mat i Norge enn på landbruksflater andre stader i verda. Men faktum er at det gir grunnlag for noko av den beste maten på enkelte område også.

Vi vil ha matproduksjon i Norge. Vi vil ha god mat produsert og levert frå Norge. Så då får vi finne oss i å betale for dyr og god mat like godt som vi erkjenner at andre ting er dyrt å lage i Norge.

Å tore å prioritere
Å tore å priotere noko er å tore å prioritere ned noko anna. Skal norsk landbruk vere levedyktig framover, skal den norske heiltidsbonden finne det bryet verdt å vere bonde, skal neste generasjon gidde å velge å verte bonde, så må vi tore å prioritere dei. Dermed må vi prioritere ned noko anna. Og vi må sjølvsagt betale meir for norsk mat.


Landbruksministeren får ikkje mitt forsvar uten atterhald. Men ho får min sympati fordi ho torer å sette i gong ein djerv endringsprosess som kanskje kan føre fram til at vi opprettheld eit berekraftig norsk landbruk. Å sette i gong naudsynte endringsprosessar blir sjeldan applaudert av organisasjonenane på feltet. Heller få og berekraftige enn ingen, tenker eg.